onsdag 30. april 2014

101 dagar att!

Ja, eg har ein sånn fancy nedtellings-app på telefonen min, og i dag viser den 101 dagar att til Jørgen og Siri skal bli herr og fru :)

Ting går sakte, men sikkert framover når det gjelder prosjekt bryllaup!

I helga prøvde gutta dresser, så me fekk kjøpt både bukse, skjorte, vest og dressjakke til begge to - dei blei så stilige! :)

Eg var i dag innom brudekjolebutikken og fekk prøvd kjolen igjen - den er litt for stor, også skal den blant anna sys om frå glidelås til snøring, så då fekk dei satt inn nokon nåler her og der. Gøy å prøve kjolen igjen, og innrømmer gjerne at eg gledar meg til å ha skulle ha den på meg ein heil dag :)

Jørgen tek seg av å kjøpe dress sjølv, så det legger eg meg ikkje opp i. Eg bare veit at han ikkje stressar nevneverdig med det enda - det er jo laaang tid igjen til det ;)


Og for dei som skulle vere i tvil: Det er ikkje berre bryllup det går i på Eikhaug 9. Eg prøver for eksempel å følge opp desse for å unngå at dei tørker vekk:



Siri

søndag 6. april 2014

Våre forlovarar

Jørgens forlovar

Det er Brynjard som skal vere Jørgens forlovar. Brynjard og Jørgen har kjent kvarandre sidan dei var tre år gamle - med andre ord lengre enn bruden har levd...!

Brynjard er forlova med Vigdis, pappa til Alma og Håkon og er ivrig fluefisker og snart leder i lokalutvalget Ytre Gjerpen :)

Jørgen og Brynjard har, som du kan sjå, hatt ei stor interesse for blomster - under er dei avbilda med verdens største løvetann (ikkje hestehov, som Varden kaller det...!)
I dag har interessen gått meir over til fisketurar og friluftsliv.

Brynjard (til venstre) og Jørgen på første skuledag i 1.klasse på Bratsbergkleiva skole:

Slik ser dei ut i den litt eldre utgaven:


Siris forlovarar

Siri har spurt sine to systre Silje og Synne om dei kan tenke seg å vere forlovarar - og jammen sa dei ja begge to! :)

Søstrene sisters starta sin bryllupskarriere som brudepiker i 1993, og som du ser likte Synne dette kjempegodt ;)




Tre jenter født på under fem år (puh, all ære til mamma og pappa...!)

Storesyster Silje, mellomsyster Siri og veslesyster Synne

Siljes brylluap i 2003

I dag bur Silje i Ålesund med mann og to skjønne gutar, medan Synne held seg i Oslo med ca tusen ballar i lufta samtidig til ein kvar tid.

Og slik ca slik ser me ut i dag:






Stor takk til Brynjard, Silje og Synne for at dere har sagt ja til å vere forlovarane våre! Me gledar oss masse til 9.august og setter stor pris på at me får dele den saman med blant anna dere :)

Invitasjonane våre

Då er dei aller fleste invitasjonane enten sendt i posten eller køyrd ut til familie og venner!
Slik blei framsida på invitasjonane til slutt - enkle, også syns me at dei passer til oss :)