Det er fleire som har spurt oss om korleis programmet for dagen blir. Og her kjem svaret:
Klokka 12.00 er det vigsel i Rauland kyrkje.
Etter vigsla vil det vere åpent på samfunnshuset på Rauland, så dei som ikkje har annan stad å vere i mellomtida kan reise dit. Me ynskjer at folk parkerer inne på skuleplassen: Køyr frå Rauland kyrkje til sentrum, ta til høgre mot Åmot og deretter første avkøyrsel til venstre. Køyr då forbi heile den store parkeringsplassen, opp og inn på skuleplassen. Inngangen til samfunnshuset vil du då raskt finne.
Det vil bli servert velkomstdrink kl 14.00 og middag kl 15.00.
Me gledar oss masse til å dele dagen med dere 81 herlige gjester som har sagt at dere kjem!
Klikk deg inn på dei ulike fanene under, og ta kontakt om du lurar på noko :) #siriogjørgen
mandag 21. juli 2014
mandag 7. juli 2014
Miniferie i Danmark
Det er under fem veker igjen til dagen vår, og slikt er stas! :)
I helga har me vore i Danmark på ein aldri så liten miniferie! Tok ferja til Hirtshals, køyrde to km og vips var me framme der me skulle vere i helga. Har vore på eit feriesenter, gjort masse alle dagene, og reiste fornøgde og småslitne heim igjen i går.
I helga har me vore i Danmark på ein aldri så liten miniferie! Tok ferja til Hirtshals, køyrde to km og vips var me framme der me skulle vere i helga. Har vore på eit feriesenter, gjort masse alle dagene, og reiste fornøgde og småslitne heim igjen i går.
Utsikten frå balkongen i leiligheten vår
Hirtshals fyr
Me hadde fine dagar i Danmark med Brage, Trym, farmor og farfar. Og no er det tilbake til hverdagen med jobb og dagar heime for Brage og Trym. På onsdag skal dei vere med i brudesalongen når eg skal prøve kjolen etter omsying - gledar meg masse til å prøve den igjen! :)
Om to veker går eg ut i ferie og om tre veker går Jørgen ut i ferie. Me ser fram til å ha nokre heilt rolege dagar og ikkje minst til bryllaupet som er om 33 dagar :)
Abonner på:
Kommentarer (Atom)