Då er bookinga av bryllupsreisa bekrefta, og me gledar oss til ei lita veke på... *trommevirvel* FJORDGLIMT! :)
Me hadde ei kjempefin veke der på ei lita hytte i fjor sommar, og gledar oss til å få nokre rolege dagar der etter bryllaupet uti august!
- - - Rettelse: Det blei ingenting av turen til Fjordglimt som me hadde planlagt, av den enkle grunn at elevane på Skien kommunes barneskular begynner første skuledag etter ferie allereie 14.august..! Så bryllaupsreisa får vente på seg, og i staden for tek me nok ein tur eller to på vatnet med "Akkurat passe" (båten vår...) dei to dagane den veka som gutta er på skulen! - - -
Klikk deg inn på dei ulike fanene under, og ta kontakt om du lurar på noko :) #siriogjørgen
søndag 18. mai 2014
onsdag 7. mai 2014
Rauland kyrkje
Om 3 månader og nokre få dagar, når klokka bikkar 12.00 på dagen, går eg opp midtgangen i denne kyrkja, og i løpet av null komma svisj (ja, midtgangen er veldig kort..!) kjem eg opp til han som gjer livet mitt så fint. Og i løpet av den nærmaste vesle timen har me tenkt å gje kvarandre våre ja - ja, eg gledar meg :)
Rauland kyrkje er ei korskyrkje som er bygd i 1803. Den er ikkje superstor, men rommer alle gjestane til bryllaupet i alle fall :)
Dagane går fort for tida, syns ikkje det var lenge sidan det var både fire, fem og seks månader igjen. No bikker det øyeblikkleg tre månader - og då nærmar deg seg jo veldig..! Me gledar oss masse og syns det er veldig stas kvar gong nokon gir oss beskjed om at dei kjem til Rauland 9.august :)
Abonner på:
Kommentarer (Atom)

