onsdag 30. april 2014

101 dagar att!

Ja, eg har ein sånn fancy nedtellings-app på telefonen min, og i dag viser den 101 dagar att til Jørgen og Siri skal bli herr og fru :)

Ting går sakte, men sikkert framover når det gjelder prosjekt bryllaup!

I helga prøvde gutta dresser, så me fekk kjøpt både bukse, skjorte, vest og dressjakke til begge to - dei blei så stilige! :)

Eg var i dag innom brudekjolebutikken og fekk prøvd kjolen igjen - den er litt for stor, også skal den blant anna sys om frå glidelås til snøring, så då fekk dei satt inn nokon nåler her og der. Gøy å prøve kjolen igjen, og innrømmer gjerne at eg gledar meg til å ha skulle ha den på meg ein heil dag :)

Jørgen tek seg av å kjøpe dress sjølv, så det legger eg meg ikkje opp i. Eg bare veit at han ikkje stressar nevneverdig med det enda - det er jo laaang tid igjen til det ;)


Og for dei som skulle vere i tvil: Det er ikkje berre bryllup det går i på Eikhaug 9. Eg prøver for eksempel å følge opp desse for å unngå at dei tørker vekk:



Siri

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar