Me sitter igjen med mange, mange gode minner! Me slappa av og nøyt heile dagen og alt som skjedde. Den var heilt perfekt: akkurat passe høgtidleg og akkurat passe avslappa!
Det var heilt fantastisk å kunne gå opp midtgangen i kyrkja til veslebror Sveinungs vakre gitarspilling og Gunhilds nydelege fiolinspilling. Og alt det andre som skjedde i vigsla var heilt perfekt! Etter vigsla skulle me fotografere, og me hadde bekymra oss litt for at det skulle regne denne timen - men eg trur eg fekk slik ca to eller tre dråpar i sløret, ellers holdt det seg heilt til me var godt uti middagen. Veslesyster Synne tok mange fine bilete av oss og me fekk tatt mange av dei heime på garden eg har vokst opp på. Gjennom heile middagen og resten av kvelden hadde Marte, kusina til Jørgen, full kontroll som toastmaster (toastmadam!) - ho gjorde ein fantastisk jobb! Foreldra våre m.fl hadde gjort ein formidabel jobb med koldtbordet - me fekk masse skryt for maten! Og innimellom turene bort til koldtbordet for å forsyne seg med meir mat, fekk me høyre mange fine taler. På kjøknet stod fem venner av mine foreldre og hadde stålkontroll på både koldtbord, kakebord og alt anna - fantastisk godt å ikkje bekymre seg det minste for noko verdens ting. Bryllaupskaka blei levert like før den skulle spises - den var heilt fantastisk både for øya og for munnen! Utover dagen og kvelden fekk me snakka litt med dei fleste gjestene, sjølv om me sjølvsagt gjerne skulle snakka masse meir med alle sammen. Me var igjen i lokalet til siste gjest hadde reist, blåste ut stearinlysa før pappaen min slukka og låste. Og sidan vigsla var allerede kl 12, var me på plass på hotellrommet før midnatt. Og med det var ein fantastisk og perfekt dag over.
Legger ved ein del skrytebilder :) Alle bildene er det veslesyster Synne Hansen Seltveit som har tatt.
Buketten ankom midt i sminkinga - den var kjempefin!
Eit stort øyeblikk!
Christen, ein kamerat av oss, var prest og via oss
Våre herlege forlovarar! Brynjard, Silje og Synne :)
Rauland kyrkje i bakgrunnen
Fotografering heime på Rofshus, garden eg har vokst opp på
Me tok oss også ein tur ned på jordet for å få med utsikten
Litt fjaseri må til ;)
Og til slutt eit bilde av den nydelege bryllupskaka som Ruth baka!
Kaketoppen er det Brage og Trym som har valgt ut :)
















