Klikk deg inn på dei ulike fanene under, og ta kontakt om du lurar på noko :) #siriogjørgen
onsdag 7. mai 2014
Rauland kyrkje
Om 3 månader og nokre få dagar, når klokka bikkar 12.00 på dagen, går eg opp midtgangen i denne kyrkja, og i løpet av null komma svisj (ja, midtgangen er veldig kort..!) kjem eg opp til han som gjer livet mitt så fint. Og i løpet av den nærmaste vesle timen har me tenkt å gje kvarandre våre ja - ja, eg gledar meg :)
Rauland kyrkje er ei korskyrkje som er bygd i 1803. Den er ikkje superstor, men rommer alle gjestane til bryllaupet i alle fall :)
Dagane går fort for tida, syns ikkje det var lenge sidan det var både fire, fem og seks månader igjen. No bikker det øyeblikkleg tre månader - og då nærmar deg seg jo veldig..! Me gledar oss masse og syns det er veldig stas kvar gong nokon gir oss beskjed om at dei kjem til Rauland 9.august :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar