mandag 7. juli 2014

Miniferie i Danmark

Det er under fem veker igjen til dagen vår, og slikt er stas! :)

I helga har me vore i Danmark på ein aldri så liten miniferie! Tok ferja til Hirtshals, køyrde to km og vips var me framme der me skulle vere i helga. Har vore på eit feriesenter, gjort masse alle dagene, og reiste fornøgde og småslitne heim igjen i går.

 Utsikten frå balkongen i leiligheten vår

Hirtshals fyr


Me hadde fine dagar i Danmark med Brage, Trym, farmor og farfar. Og no er det tilbake til hverdagen med jobb og dagar heime for Brage og Trym. På onsdag skal dei vere med i brudesalongen når eg skal prøve kjolen etter omsying - gledar meg masse til å prøve den igjen! :)

Om to veker går eg ut i ferie og om tre veker går Jørgen ut i ferie. Me ser fram til å ha nokre heilt rolege dagar og ikkje minst til bryllaupet som er om 33 dagar :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar