I dag er det altså berre ei veke igjen til dagen vår!
Jørgen fekk besøk av nokon trivlege karar på døra i dag - ein kan vel ikkje sei at Jørgen blei direkte overraska over at det var i dag forlovar Brynjard skulle ta han med for eit utdrikningslag, men kosleg blir det nok! No har det jo vore sol og varmt i to månader i strekk, så i dag passa det seg med øs pøs regnvêr syns visst dei såkalla vêrgudane!
Vêret er det ikkje stort å gjere med, men eg innrømmer gjerne at eg dagleg sjekkar korleis Yr og Storm spår det å bli på Rauland neste helg. Me har vel eigentleg ønska oss opphold, helst sol og mellom 15 og 20 grader, men me har eit selskapslokale det ikkje er noko problem å skulle få plass til alle inne dersom regnet skulle finne på å øse ned heile dagen. Yr og Storm er ikkje heilt einige, men akkurat i dag velger me å tru på Yr:


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar