Og ikkje nok med det - me har også kjøpt oss hus!! :) Verdens finaste forøvrig, og me gledar oss masse til å overta 1.oktober!
Dette medfører jo då at me også skal få solgt leiligheten me bur i no, og me har fått hivd både oss og meglaren rundt, så me skal prøve å klare å få til visning før fellesferien - og det ser det ut for at me skal klare. No er masse pakka vekk i kasser og satt ut i bua, imorgo kjem takstmann og forhåpentlegvis kjem fotograf til veka for å få tatt bilder til annonsa. Me veit at markedet i Skien og Melum ikkje er heilt på topp for tida, men me håpar sjølvsagt på å få solgt så fort som råd - kanskje før me overtar det nye huset til og med...!
No har me svevd på ei sky av lykke i ei veke, så me legger sjølvsagt ved nokre bilder av det me er så glade for å ha fått kjøpt!
Inngangspartiet, gårdsplassen og garasjen
Delar av stoga, kjøknet er på andre sida av glassdørene
Inngangspartiet
Litt av hagen. Verandaen oppe i 2.etg er frå soverommet vårt, den i 1.etg går ut frå stoga.
Vårt soverom
Kjøknet - og eg som har sagt til Jørgen heilt sidan me blei sammen at eg har ønska meg peis på kjøknet ein gang me flytter, og til høgre i bildet ser du den!! :D
Jepp, me er altså i litt lykkerus for tida. Men samtidig som det er nok å sette fingra i i forbindelse med huskjøp og ikkje minst hussalg, så har me nok å gjere på bryllaupsfronten for tida også!
I dag har me omsider fått bestilt servietter. Dessutan har me bestilt bordkort frå kortshop.no, dei me bestilte invitasjonane hos. Så no trur me at det meste av ting og tang er kjøpt inn - no gjenstår "berre" drikke og mat - så er me klare for fest om 58 dagar! :)






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar